SELJORD SONGLAG

Hovudside Nytt Historie Repertoar Bildegalleri

Årsmelding for Seljord Songlag 2008

Koret hadde 33 medlemer i vårhalvåret og 30 i hausthalvåret.
Det har vore 6 styremøte.

Desse har vore i styret: leiar Signe Kvåle Rue, nestleiar Hege Sivertsen, kasserar Lily Reichelt, sekretær Kari Lindhjem, styremedlem Halvor Kvåle Rue, vara Borgny Tøfte.

Oddbjørn Aase har vore dirigent.

I vårhalvåret hadde me desse høgdepunkta:

  • 20-dags konsert 13.januar – saman med korpsa.
  • Revy:

Fleire frå koret var med på revyen som gjekk føre seg 25.og 26.januar. Somme gav teknisk hjelp, somme tok seg av PR, somme skreiv tekstar og somme var aktørar. Utan tvil gjorde koret seg fortent til å få husleiga betalt av revyens overskot! (husleiga er 12500 i året)

  • Kor-treff og maskeradefest i Brevik 1.mars
  • 17.mai der me song på Granvin.

Hausthalvåret blei spesielt!

  • Jubiléum:

Koret fylde 20 år i 2008, og ”bursdagskalaset” blei bestemt til 8.november. Det blei ein travel haust med mykje aktivitet i koret og i komitéar.
Oddbjørn hadde fenge tilbod om å vera med Riksteatret frå 5.september til 7.november. Eit lyst hovud (Jørund trur eg) foreslo å spørje alle dei tidlegare dirigentane om å ta øvingar med oss i den perioden og dermed lage jubiléumsprogram! Slik blei det! Alle tidlegare dirigentar var viljuge og tok 1-2 øvingskveldar med oss. Slik gjekk det fint i hop, og det blei ein spennande haust. Jubiléet blei ein stor suksess, både med konsert og deretter hyggekveld for innbedne gamle medlemer. Koldtbord og kaker hadde korets eigne folk sytt for! Mmmmm! Jon Svartdal leia konserten, og gullkorna hans kan du lesa på www.seljordsonglag.net

  • Sundsbarmkonsert:

Så blei det jamen ganske spennande før Sundsbarmkonserten og!
Kim Rune Hagen (idol-songar frå Heddal) hadde sagt ja til å vera solist. Han var interessert i å øve med oss fleire gonger og fyrste gongen sette han nok støkk i alle oss! Det let ikkje fint!!
Men det gjekk seg utruleg til, og etter konserten rapporterte Varden:”Gnistret til” – og ”innfridde forventningene” (om solisten!)

  • Avslutningssamver på Seljord Hotell, veldig hyggeleg!

 

Seljord Songlag er no innmeld i Sangerforum.

9-2-2009    Signe Kvåle Rue