Informasjon til kormedlemer Øvingane startar no 19.15!
Sundsbarmkonsert 27.nov. 2011
Dette skreiv Halvor Ulvenes i Varden 28.11:
Jolestemning i fjellet
500 meter inne i Skorvefjell skapte Seljord songlag skikkeleg jolestemning på den fyrste sundagen i advent.
Årets konsert var den 18. i rekka for pulære Seljord songlag. Dette er openbart eit arrangement som folk i bygde-Telemark vil ha med seg. Lenge før konserten stod lang kø utanfor kraftverket.
Dei venta på å bli transportert inn i Skorvekatedralen av minibussar frå Telemark Bilruter, som kjørte skytteltrafikk for å frakte dei 364 frammøtte.
Katedralen inne i fjellet har ei spesiell atmosfære. Under konserten i går blei kraftverket stoppa, slik at publikum berre fekk høyre tonane til musikarane.
Den unge og dyktige solisten Ingrid Ytre-Arne innleia med « I denne søte juletid». Utover i konserten kom julesongane på rekkje og rad – «Det lyser i stille grender», «Joleklokker over jorda», «Du grøne glitrande tre», «Glade jol» og «O helga natt», for å nemne nokre av innslaga.
Variert
Innslaga varierte med berre Seljord songlag i fleire nummer, for så at dei i andre framføringar blei assistert av Ragnhild Knudsen på bratsj, Stian Aase på akkordeon (spesielt trekkspel) og solist Ingrid Ytre-Arne.
Songlaget – under leiing av dirigent Oddbjørn Aase – hadde ikkje berre julesalmer. Dei framførte og afrikanske musikktradisjonar. ---
Allsongen og konserten blei avslutta med «Deilig er jorden». Både songlaget og soloutøvarane fekk både velfortente klappsalver og blomar for framføringa. |
TA skreiv m.a: "Korets flerstemte klanger fungerte til fingerspissene"(Kristi Carr) |

Og Elisabeth Hagen i VTB skreiv fylgjande:
Kva er det som gjer at ein så liten kommune kan stille med eit så flott kor--? Er det dirigenten? Er det musikkgleda? Er det kvaliteten?
- Songlaget har ein varme, ei songglede og ein konsentrasjon som skaper stemning, uavhengig av kva dei byd på.
Også solisten, Ingrid Ytre-Arne, og Stian Aase på akkordeon og Ragnhild Knudsen på bratsj fekk svært positiv omtale der. |
| Fleire bilete frå konserten finn du under Biletgalleri. |
Klare for ny opera-tur! Me satsar på La Bohème, 11.februar!
Pris for operabillett og buss att og fram -700 kroner for kormedlemer, 800 for andre. Kormedlemer betaler innan 24.oktober. Da er plassen sikra. Fær du ikkje bruke billetten, så få nokon andre til å overta han.
Klikk her for bilde frå Sandsdalen-kvelden. Sjå så mange smil!!
Ny leiar i Songlaget!
Harald Flaten blei vald til leiar av Songlaget på årsmøtet i
februar 2011. Gratulerer!
For å finne Sibelius6, prøv denne:
www.soft82.com/get/download/windows/sibelius
|