Sundsbarmkonserten - Slik har Andres Øverbø skrive om dei fyrste åra denne konserten fann stad: "I 1994 fekk vi besøk av Reidar Skogheim som da var formann i Seljord Songlag. Han spurde om det var mogleg å få til ein konsert i kraftstasjonshallen. Det var mange ballar i lufta, men vi blei fort enige om å gjera eit forsøk, og da landa vi p å å starte med ein adventskonsert med Songlaget for å høste erfaringar.
Dette gjekk over all forventning. Daverande adm. dir. Bjørn Dølven var svært fornøgd med konserten, og sa at dette må bli ein tradisjon som er verdt å ta vare på.
Aggregatet blei stoppa og maskinsalen blei i staden fylt med prektig kor- og solistsong og eit feststemt publikum. Ei omfattande sikkerheitsprosedyre blei utarbeidd og nødvendige godkjenningar innhenta for transport og opphald av publikum i kraftstasjonshallen.
Frå 1996 begynte vi med solistar saman med songlaget:
Frå oppstarten i 1994 til år 2000 har besøkstalet variert frå 286 til 600 personar. Det har vore eit snitt på 448 personar, noko som viser at konserten er eit bra tiltak, som solistar og arrangørar kan vera fornøgde med." |
|---|
Så langt Andres Øverbø. Sidan han skreiv dette i januar 2001, har Sundsbarmkonserten vore eit årleg høgdepunkt for koret og for mange menneske i Seljord og nabokommunar. Det har stadig vore godt frammøte, og sjølv om sjefar på Sundsbarm har veksla, og likeeins sjefane over dei att - i Skagerak Energi f.eks, så har Seljord Songlag vore det faste innslaget på konserten. Men me har halde fram med solistar og delvis også instrument-innslag.
2008 Kim Rune Hagen, solist. Trond Lindheim piano, Christine Gullhav treblås. |
|||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2009 |
Anders Vangen, solist. Eivind Aase slagverk. Trond Lindheim akkompagnatør |
||||||||||||||
2010 |
Aasmund Nordstoga solist, Joachim Hees ekstrasolist. Stian Aase akkompagnatør på akkordeon. |
||||||||||||||
| 2011 | Ingrid Ytre-Arne var solist, Stian Aase spela akkordeon og Ragnhild Knudsen bratsj. | ||||||||||||||