SALIG FØRJULSSTUND I SKORVEKATEDRALEN
FØRJULSSTEMNING: Anders Vangen og Seljord Songlag skaper førjulsstemning med The Christmas Song.
Vi var over 400 som benka oss i Sundsbarmhallen søndag ettermiddag. Og der stemte det meste.
Årets adventskonsert, den 16. i rekkja, blei ein av dei aller mest vellykka. Seljord Songlag var i topptrim, Anders Vangen i storform, ved pianoet sat ein kreativ og opplagt Trond Lindheim, og endeleg - Eivind Aase, den unge flatdølen serverte det endelege beviset på at perkusjon kan gi ein førjulskonsert eit musikalsk løft.
I første delen av konserten var songlaget plassert bak i det store rommet og song bokstaveleg talt frå tre etasjar. Siste delen var koret på scenen saman med solist og pianist. Dette sceneskiftet viste seg som eit vellykka regigrep, både visuelt og lydleg. Også elles baud programmet på fine variasjonar, og med improvisasjonar på slagverk og piano mellom songane blei det ein konsert utan dødpunkt. Dessutan blei publikum som vanleg aktivisert og fekk synge med.
Men førjulskonserten 2009 handla om Oddbjørn Aase først og fremst. Ikkje berre er han ein dyktig dirigent som gjer det aller beste ut av eit kor der karane er sterkt i undertal. Han lagar dessutan arrangement som gjer kjende og i og for seg kjære tråvarar frå førjulstid og julefeiring til velklingande, ja, bortimot oppsiktsvekkjande musikalske nyskapingar. Glade jol blei mest som ein ny song i Sundsbarmhallen i går.
Songlaget var heile vegen med på notane, bokstaveleg talt - med fin frasering og god dynamikk.
JULENØTT
Beatles for kor? Også slike julenøtter knekker Oddbjørn Aase. Because av Lennon/McCartney i arrangement av Seljord Songlags dirigent blei for underskrivne eit av konsertens høgdepunkt.
Også samarbeidet mellom kor, akkompagnatør og solist gjekk upåklageleg. I det heile tatt - det var ikkje tvil om at aktørane i Sundsbarmhallen «fann» kvarandre og treivst saman. Anders Vangens bass-baryton let til å passe som hand i hanske med akustikken i det høglofta rommet i Skorve. Han fylte fjellhallen først saman med Lindheim med Gunnar Wennerbergs mektige Gjör portarna höga - og til slutt med kor og trommervirvlar i Adams ikkje mindre mektige O helga natt.
BLOMEDRYSS
Skagerrak kraft representert av prosjektleiar Jane Solvi strøydde rikeleg med blomar over dyktige aktørar, også fortent nok til Tobben Barstad, Haakon Manheim og Knut Espelid for lyd og lys.
Aller sist sette eit 400-stemmers kor eit verdig punktum for ein vellykka adventskonsert med Deilig er jorden.
|