Sundsbarmkonserten 2018

Solist ved Sundsbarmkonserten 2018 er Sigrid Aase med band.

Sundsbarmkonserten 2018  finn stad 1. sundag i advent, 2. desember kl 16.00.

Som tidlegare er konserten laga i samarbeid med SKAGERAK ENERGI. 

Den første konserten var i 1993. Dette er altså den 25. konserten ein skiper til. Konserten er gratis, og  det er plass til omlag 400 tilhøyrarar.

  • Billettar blir delt ut til publikum på utsida.
  • Betjent parkering framfor kraftstasjonen.
  • Dørene vert opna kl 15.30 og blir stengt 15.55.
  • Tilhøyrarar som ønskjer det, kan få skyss inn i kraftstasjonen.
  • Det er lagt til rettes for rullestolbrukarar.
  • Konsertlokalet – som til vanleg er produksjonshall for Sundsbarm kraftverk, har vanleg romtemperatur, men ein anbefalar å kle seg godt.
  • Enkel servering inne i kraftstasjonen.

Artistane:

  • Trommer:  Tore Flatjord.
  • Piano: Kjetil André Jerve.
  • Kontrabass: Stian André Egelandi Andersen.
  • Vokal: Sigrid Aase.

 

Historikk:  

SSlik har Andres Øverbø skrive om dei fyrste åra denne konserten fann stad:

«I 1994 fekk vi besøk av Reidar Skogheim som da var formann i Seljord Songlag. Han spurde om det var mogleg å få til ein konsert i kraftstasjonshallen. Det var mange ballar i lufta, men vi blei fort enige om å gjera eit forsøk, og da landa vi på å starte med ein adventskonsert med Songlaget for å høste erfaringar. Dette gjekk over all forventning. Daverande adm. dir. Bjørn Dølven var svært fornøgd med konserten, og sa at dette må bli ein tradisjon som er verdt å ta vare på. Aggregatet blei stoppa og maskinsalen blei i staden fylt med prektig kor- og solistsong og eit feststemt publikum.

Ei omfattande sikkerheitsprosedyre blei utarbeidd og nødvendige godkjenningar innhenta for transport og opphald av publikum i kraftstasjonshallen.

Frå 1996 begynte vi med solistar saman med songlaget:

  • 1996/97 Gunstein Draugedalen
  • 1998 Kirsten Bråten Berg, Gunn Steinstad Aase, trompet.  Trompeten har sidan blitt eit fast og populært innslag.
  • 1999 Anne Karin Kaasa   Gjestekor: Telemark Kammerkor
  • 2000 Kirsten Bråten Berg

Frå oppstarten i 1994 til år 2000 har besøkstalet variert frå 286 til 600 personar. Det har vore eit snitt på 448 personar, noko som viser at konserten er eit bra tiltak, som solistar og arrangørar kan vera fornøgde med.»

Så langt Andres Øverbø. Sidan han skreiv dette i januar 2001, har Sundsbarmkonserten vore eit årleg høgdepunkt for koret og for mange menneske i Seljord og nabokommunar. Det har stadig vore godt frammøte, og sjølv om sjefar på Sundsbarm har veksla, og likeeins sjefane over dei att – i Skagerak Energi f.eks, så har Seljord Songlag vore det faste innslaget på konserten. Men me har halde fram med solistar og delvis også instrument-innslag.

  • 2001 Anne Gravir Klykken/kornett: Åshild Søfteland
  • 2002 Anne Gravir Klykken/kornett: Åshild Søfteland
  • 2003 Gunstein Draugedalen/Kornett: Åshild Søfteland
  • 2004 Ingeborg Fangel Mo/Saksofon: Kjetil Flatland Jensen
  • 2005 Petter Simonsen og Gunn Stenstad
  • 2006 Petter Simonsen og Ensemble Giorgi
  • 2007 Telemark Messingensemble
  • 2008 Kim Rune Hagen, solist. /Trond Lindheim piano, Christine Gullhav  treblås. 
  • 2009 Anders Vangen, solist/Eivind Aase, slagverk/Trond Lindheim, akkompagnatør.
  • 2010 Aasmund Nordstoga solist, Joachim Hees ekstrasolist. Stian Aase akkompagnatør på akkordeon.
  • 2011 Ingrid Ytre-Arne var solist, Stian Aase spela akkordeon og Ragnhild Knudsen bratsj.
  • 2012 Anne Vada, Øystein Lund Olafsen og Sigmund Groven har turnert med eit program: «Vinterbilder». Dei inviterte seg sjølve til Sundsbarmkonserten. Bra konsert!
  • 2013 Jubileumskonsert – den 20. i rekka. Medverkande: Seljord Songlag, Annbjørg Lien, Sondre Bratland, Gunn Steinstad, Håkon Aase, Sigurd Ytre-Arne (video).
  • 2014 Ei gruppe kalla Gorsets Borgere og Bønder var «utanominnslaget i år» Dei spela fiolin, lutt, slåttetromme og fløyte.
  • 2015 Seljord Barnekor v/Gunn Stenstad, Solist Kim Rune Hagen med Stjernesludd.   Video laget av Hans Inge Hagen
  • 2016 Peder Arnt Kløvrud (fra Det norske solistkor) baryton.  Seljord barnekor med dirigent Gunn Stenstad var med.
  • 2017 Unni Boksasp (kveding)/Trygve Brøske (trøorgel/piano)
  • 2018 Sigrid Aase med band.
    • Tore Flatjord, trommer
    • Kjetil André Jerve, keyboard
    • Stian Andreas Egelandi Andersen, kontrabass
    • Sigrid Aase, vokal.

Frå  Seljord Songlags konsert i Sundsbarmhallen 2015.