Trass i at alle media (NRK, fylkesavisene) var godt informerte om konserten, var ingen av dei til stades under konserten i Kviteseid kyrkje den 23. september.
Likevel er vi i koret fornøgde:
- 88 betalande tilhøyrarar, noko som tyder mykje for resultatet økonomisk.
- Ei god oppleving i lag med kyrkjepersonalet for å leggje ting til rettes for konserten.
- Kyrkja var god å syngje i – god akkustikk, vakre omgjevnader.
- Mange positive tilbakemeldingar på musikk og tekst.
Reint teknisk var og dette spennande:
- Matias Lognvik gjorde opptak av hele konserten, både video og lyd.
- Lys og lyd fungerte godt gjennom heile konserten.
Nå skal koret både øve inn nytt stoff til Sundsbarmkonserten, og halde vedlike «Slektenes lovsong» fram til konsertane 19. og 20. oktober.