Sundsbarmkonsertane.

Kva er Sundsbarmkonsertane? Sidan 1990-talet har det vore eit samarbeid mellom Seljord Songlag og Sundsbarm kraftverk, som no har Skagerak Energi som eigar. Seljord Songlag skiper til ein adventskonsert første sundag i advent kvart år. Det har vore vanleg at ein innleigd solist er med på konserten. Konserten finn stad i produksjonshallen til Sundsbarm, langt inni Skorvefjellet. Som Andres Øverbø skriv i 1994 nedanfor: “Aggregatet blei stoppa og maskinsalen blei i staden fylt med prektig kor- og solistsong og eit feststemt publikum.”

Det var ikkje uvanleg at kraftstasjonane i Noreg vart nytta som konsertarena på 1990-talet, men no er Sundsbarmkonserten ein få slike arenaer. Dei tilsette har strenge krav til tryggleik, lovar og regler å ta omsyn til, men kvart år har dette arrangementet blitt gjennomført utan uhell. Seljord Songlag er svært takksame for at dette samarbeidet kan halde fram.

Sundsbarmkonserten 2020:

Skulle vi lage konsert dette året? Kva meinte samarbeidspartner Skagerak Energi? Dette året skulle gå over i historia som det fyrste “Korona-året”. Men det blei konsert. Ikkje 1. sundag i advent slik det bruka vere, men torsdag 17.12.2020. Det var ikkje mogeleg å gjennomføre konserten i Sundsbarmanlegget, men Skagerak Energi gjekk med på å finansiere ein jolekonsert på Granvin kulturhus.

Solistar:

Kjetil Flatland (saxofon, song) og Helge Wahl Flatland (tangentinstrument).

For fyrste gong vart konserten teken opp på video og strøyma på nettet samstundes med konserten. På den måten var det mange som fekk sjå han både då og i ettertid. Opptak/strøyming er finansiera av Seljord kommune, og er gjort av Hans Inge Hagen.

Her er lenke til konserten på Vest-Telemark Blad sine heimesider.

Sundsbarmkonserten 2019:

  • Solist: Heidi Gjermundsen Broch,
  • Pianist: Terje Norum.
  • Dirigent: Oddbjørn Aase.
  • Tid: Sundag 1. desember 2019.

Dette talet er det avdelingsleiaren på Sundsbarm kraftverk, Dagfinn Listaul, kom til då konserten byrja kl 16, sundag 1. desember 2019. I dette talet ligg sjølvsagt dei tilsette ved Sundsbarm kraftverk som var på vakt då og koret og solistane. Det var sett fram stolar til omlag 420 fortalde Dagfinn.

This image has an empty alt attribute; its file name is Seljord-Songlag-intern-1-1.png

Arrangementsmessig er dette likevel kanskje ein av dei mest besøkte kor-konsertane i denne delen av landet. Da vi i koret stod på scena, såg vi publikum fylle heile salen attende til den grønkledde veggen av Skorve-fjell.

Om det blei magisk? Eg hadde bruka dette adjektivet på “Kva skjer i Seljord” på FB. Jau, det kan eg stå inne for .

Den første avdelingen var religiøst salmestoff, og som ein ser var alt arrangert av Oddbjørn Aase, gjerne med utgangspunkt i tidlegare arrangement. Denne avdelinga hadde koret åleine. Det var heilt stille i salen, og publikum venta, uoppfordra, med applausen til vi var ferdige med “Gjer døri høg”. Terje Norum sauma dette i hop med elegante overgangar frå koret sitt gamle el-piano.

Mens frost og vintermørke rår …………………..T S. Ellingsen/E. Evers M J. Crüger Arr O. Aase
Folkefrelsar til oss kom …………………………..T Ambrosius O B. Støylen M 1100-t Arr O. Aase
No koma Guds englar ………………T E.Blix M Skotsk 1600-t/Folket. (Vest-Agder) Arr O. Aase
Det hev ei rosa sprunge …….T Tysk/F.Layriz O P.Hognestad M 1400-t/Praetorius Arr O.Aase
Ei krubbe var vogga ………T Amerikansk 1885/E. Skeie 1979 M W. J. Kirkpatrick Arr O. Aase
Gjer døri høg …………………………………..T G. Weissel M L. Bougeois Arr O. Aase/P. Steenberg.

Etter allsong “Tenn lys”, fylgde ei avdeling med Heidi Gjermundsen Broch, Terje Norum og koret i lag. Den første låta er frå eit CD-album “Tidevann”, som Terje og Heidi ga ut i 2010. “Et juledikt” var ein tekst av Jens Bjørneboe, der Oddbjørn hadde laga eit “klangunderlag”, ein parafrase over “Deilig er jorden”. Teknisk handla det om koordinering, der Heidi måtte framføre teksten slik at koret og ho kom fram på likt, og det klarte vi.

Du skulle vært et annet sted …………………………………………………..T/M I. Hagerup/T. Norum
One Of Us ……………………………………………………………………………………………T/M E. Bazilian
Romjulsdrøm ………………………………………………………………………….T/M A. Prøysen/Th. Borg
Make You Feel My Love …………………………………………………………………………….T/M B. Dylan
I den kalde vinter ……………………………………………..T Chr. Rossetti M G. Holst Arr T. Kragset
Et juledikt ………………………………………………………………….T J. Bjørneboe Arr/bearb. O. Aase
Mitt hjerte alltid vanker ………..T H.A. Brorson M Norsk var. av svensk folketone Arr O. Aase
Marias fang ………………………………………………………………………T/M S. Dagsland Arr O. Aase
Hallelujah ………………………………………………………………………….T/M L. Cohen Arr T. Norum.

Så var det allsong att, denne gongen “Glade jol”, der vi i koret song 4-stemt etter noter vi kjende godt. I den tredje og siste avdelingen song Heidi “Julekveldsvisa” i eit arrangement Terje hadde laga. Dette var kanhende det mest “avanserte” nummeret i konserten, der Terje spela akkorder og klangar på dei mest overraskande måtar. “I et lite hus” er eigentleg skrive for 5-stemt kor, og det blir ikkje enklare å syngje når nærmare 30 stemmer skal gjennom taktskifte med 2-3-4 og 5 slag i takta. For meg var “Koppången” eit nytt møte – ein vakker song om ein stad ikkje langt frå Mora i Sverige.

Gjennom konserten synte Heidi seg som den store songaren og skodespelaren ho er. Frå dei lågmælte, lyriske tekstane til Alf Prøysen, til den pompøse “Julsång”. Det var fleire enn eg som var rørt her.

Julekveldsvisa …………….T A. Prøysen M A. Høyland Arr T. Norum/O. Aase
I et lite hus ……………T A.H. Grøv/K. Hauland M A.H. Grøv Arr H. Gravdal
Koppången …………………………………………….T/M P. Bäckman/P. E. Moraeus
Jul-sång ………………………………………………………….T/M A. Adam O A. Kock.

Etter at vi fekk “gønne på” i Julsång (Ole Petters tolkning av forte fortissimo i “Julsång”), avslutta vi tradisjonelt med “Deilig er jorden”, et arrangement koret har nytta sidan den første Sundsbarmkonserten.

Direktør Geir Kulås (som hadde plassert foreldra sine på 1. rad til venstre – dei hadde køyrd heilt frå Langesund), takka for frammøte og delte ut blomar til solistar, dirigent og den flinke formannen vår, Gro Ingunn Aase.

Kjolen.

Eg kan ikkje avslutte denne oppsummeringa utan å kommentere kjolen til Heidi. Under prøvene hadde ho på seg ein sid, grøn strikka kjole – det er ikkje kaldt i Sundsbarmhallen, men heller ikkje spesielt varmt. Men då klokka nærma seg 16 denne sundagen hadde ho bytt til ein raud, strikka kjole. Dette vekte sjølvsagt merksemd blant koristane, og ho kunne fortelje at den hadde ho strikka sjølv. “Beltet” var laga av mohairgeit frå Telespinn, og mønsteret hadde ho funne på ein kelim. Det raude garnet var eit “vanleg garn”. Ho kunne og fortelje at det var mykje ventetid på teateret. Det var forventa at alle hadde full merksemd til det som gjekk føre seg under prøver og innstudering, men det var akseptert at ein kunne både strikke og samstundes konsentrere seg om spelstykket. Ikkje dårleg?

Det er Britt Merete (Funner) som tok dette bildet – ho og har forstand på klede ein lagar sjølv.

This image has an empty alt attribute; its file name is image.png

Det høyrer med til soga at Heidi måtte rett til Oslo etter konserten. Ho måtte vikariere for ein kollega som var blitt sjuk. Framsyningane av “Charlie og sjokoladefabrikken” gjekk på hovudscena og hadde vore utselde i lang tid – umogeleg å avlyse. Så ho kunne ikkje vere med oss på joletallerken på hotellet. Likevel var ho ei hyggeleg og blid dame heile tida, og som det var lett å samarbeide med – vi merkte lite til stresset ho hadde på seg.

Terje Norum lever og eit hektisk artistliv. Han har ein stilling som organist i ein kyrkjelyd i nærleiken av Moss. Kvelden før Sundsbarmkonserten spela han konsert i Sarpsborg fram mot midnatt. Likevel var dei både klare for prøver og konsert på sundags formiddag.

This image has an empty alt attribute; its file name is TerjeNorum.jpg

Til slutt: Stor takk til Arne (Langesæter) og Ole Petter (Østevik). Dei sytte for at el-pianoet, notestativ med lys etc kom fram til konserten i god tid, og ikkje minst at det kom attende til Granvin der det høyrde heime. Eit spesielt syn å sjå karane i mørk dress, “kista” med el-pianoet stod plassert i Mercedes-stasjonsvogna til Ole Petter, og dei var klare til avgang frå Granvin…

Historikk:

Slik har Andres Øverbø skrive om dei fyrste åra denne konserten fann stad:

“I 1994 fekk vi besøk av Reidar Skogheim som da var formann i Seljord Songlag. Han spurde om det var mogleg å få til ein konsert i kraftstasjonshallen. Det var mange ballar i lufta, men vi blei fort enige om å gjera eit forsøk, og da landa vi på å starte med ein adventskonsert med Songlaget for å høste erfaringar. Dette gjekk over all forventning. Daverande adm. dir. Bjørn Dølven var svært fornøgd med konserten, og sa at dette må bli ein tradisjon som er verdt å ta vare på. Aggregatet blei stoppa og maskinsalen blei i staden fylt med prektig kor- og solistsong og eit feststemt publikum.

Ei omfattande sikkerheitsprosedyre blei utarbeidd og nødvendige godkjenningar innhenta for transport og opphald av publikum i kraftstasjonshallen.

Frå 1996 begynte vi med solistar saman med songlaget:

  • 1996/97 Gunstein Draugedalen
  • 1998 Kirsten Bråten Berg, Gunn Steinstad Aase, trompet.  Trompeten har sidan blitt eit fast og populært innslag.
  • 1999 Anne Karin Kaasa   Gjestekor: Telemark Kammerkor
  • 2000 Kirsten Bråten Berg

Frå oppstarten i 1994 til år 2000 har besøkstalet variert frå 286 til 600 personar. Det har vore eit snitt på 448 personar, noko som viser at konserten er eit bra tiltak, som solistar og arrangørar kan vera fornøgde med.” 

Så langt Andres Øverbø. Sidan han skreiv dette i januar 2001, har Sundsbarmkonserten vore eit årleg høgdepunkt for koret og for mange menneske i Seljord og nabokommunar. Det har stadig vore godt frammøte, og sjølv om sjefar på Sundsbarm har veksla, og likeeins sjefane over dei att – i Skagerak Energi f.eks, så har Seljord Songlag vore det faste innslaget på konserten. Men me har halde fram med solistar og delvis også instrument-innslag.

  • 2001 Anne Gravir Klykken/kornett: Åshild Søfteland
  • 2002 Anne Gravir Klykken/kornett: Åshild Søfteland
  • 2003 Gunstein Draugedalen/Kornett: Åshild Søfteland
  • 2004 Ingeborg Fangel Mo/Saksofon: Kjetil Flatland Jensen
  • 2005 Petter Simonsen og Gunn Stenstad
  • 2006 Petter Simonsen og Ensemble Giorgi
  • 2007 Telemark Messingensemble
  • 2008 Kim Rune Hagen, solist. /Trond Lindheim piano, Christine Gullhav treblås. 
  • 2009 Anders Vangen, solist/Eivind Aase, slagverk/Trond Lindheim, akkompagnatør.
  • 2010 Aasmund Nordstoga solist, Joachim Hees ekstrasolist. Stian Aase akkompagnatør på akkordeon.
  • 2011 Ingrid Ytre-Arne var solist, Stian Aase spela akkordeon og Ragnhild Knudsen bratsj.
  • 2012 Anne Vada, Øystein Lund Olafsen og Sigmund Groven har turnert med eit program: “Vinterbilder”. Dei inviterte seg sjølve til Sundsbarmkonserten. Bra konsert!
  • 2013 Jubileumskonsert – den 20. i rekka. Medverkande: Seljord Songlag, Annbjørg Lien, Sondre Bratland, Gunn Steinstad, Håkon Aase, Sigurd Ytre-Arne (video).
  • 2014 Ei gruppe kalla Gorsets Borgere og Bønder var “utanominnslaget i år” Dei spela fiolin, lutt, slåttetromme og fløyte.
  • 2015 Seljord Barnekor v/Gunn Stenstad, Solist Kim Rune Hagen med Stjernesludd.   Video laget av Hans Inge Hagen
  • 2016 Peder Arnt Kløvrud (fra Det norske solistkor) baryton.  Seljord barnekor med dirigent Gunn Stenstad var med.
  • 2017 Unni Boksasp (kveding)/Trygve Brøske (trøorgel/piano)
  • 2018 Sigrid Aase med band.
    • Tore Flatjord, trommer
    • Kjetil André Jerve, keyboard
    • Stian Andreas Egelandi Andersen, kontrabass
    • Sigrid Aase, vokal.