Seljord Songlag er 30 år!

Seljord Songlag vart skipa 22. august 1988 og feirar såleis 30 år hausten 2018.  I høve dette jubileet har koret tatt på seg den store oppgåva å skipe til tre konsertar med verket “Slektenes lovsong”.  Dei 16 songtekstane er skrive av forfattaren Olav Mosdøl, Kviteseid, og musikk og arrangement er laga av dirigenten for koret, Oddbjørn Aase.

“Slektenes lovsong” handlar om samspelet mellom natur og menneske, tradisjonar og verdiar. Musikken til tekstene hentar inspirasjon frå det musikalske slektstreet, både innafor og utanfor det reint kyrkjelege. Her er ballade, gospel, tango, barnesong, gregorianske og austlege vekster i full blomst.

Verket er laga av forfattaren Olav Mosdøl (t.v.) og komponisten Oddbjørn Aase.

13 av tekstane har Oddbjørn Aase sett musikk til. 3 av tekstane vert lesne av forfattaren sjølv under konsertane.

Framføringane:

  • Kviteseid kyrkje, sundag 23.september kl.19.00
  • Granvin kulturhus i Seljord, fredag 19.oktober kl.19.00
  • Valle kyrkje, Valle, laurdag 20.oktober kl.19.00

Konsertprogrammet:

1 Me syng (Kor)

2 Løyndom i ordet  (Opplesar)

3 Songen gjennom alle tider (Alt, kor)

4 Han er i fjellet (kor)

5 Min engel kom ned (Baryton, opplesar, kor)

6 Marias mysterium  (Opplesar)

7 Betlehem (Baryton, kor)

8 Har du granska (Alt, kor)

9 Eg vil plante ein hage (kor)

10 Herre om eg kunne (Alt)

11 Nokon treng oss (kor)

12 Du er den rosa (Baryton, alt, kor)

13 Nytt er livet (Alt, baryton, kor)

14 På reise i verda (kor)

15 Trø varleg min fot  (Opplesar)

16 I dag stig ein lovsong (Alt, baryton, kor)

Solistane.

  • Peder Arnt Kløvrud, fødd 1984, er busett i Oslo. Han er utdanna ved Barrat Dues Musikkinstitutt. Han er knytt til Det norske solistkor og syng baryton i denne kor-produksjonen.

 

 

  • Anne Gravir Klykken, fødd 1970, busett i Skien. Ho har musikkutdanning frå Høgskolen i Oslo, frå Universitetet i Agder og Høgskulen i Telemark. Ho har gitt ut to soloplater og jobba med mange prosjekt.   Ho syng alt-stemma i dette konsert-opplegget.

Musikarane:

  • Jon Rørmark, fødd 1967, busett i Bø i Telemark. Rørmark er ein allsidig musikar som har samarbeidd med Oddbjørn Aase i ei rekke samanhengar. Han har også tidlegare samarbeidd med komikaren Åsleik Engmark.  I denne samanheng vil han spele kontrabass.
  • Ingri Elise Engeland, fødd 1970, busett i Kviteseid.  Utdanna ved Barrat Dues Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole. Ho har hatt stilling som orkestermusikar ved Oviedo Filarmonia i Spania i 15 år. No er ho tilsett ved Kvitsund Gymnas og Kviteseid kulturskule i Kviteseid. Ho vil spele fløyte i denne konserten.
  • Øivind Bangor, fødd 1946, er busett i Seljord.  Bangor har arbeidd som musikklærar i Seljord i mange år, først ved Seljord Folkehøgskule, seinare ved Seljord ungdomsskule. Han har vore dirigent for Seljord Songlag i fleire år og har vore akkompagnatør ved mange konsertar. Han vil spele piano i denne samanhengen.