Slektenes Lovsong – konsertar 2020.

Seljord Songlag og Bø kyrkjekor samarbeider om å skipe til to konsertar med korverket “Slektenes Lovsong”.

Om verket:

Dette er eit nyskrive verk med  tekstar laga av forfattaren Olav Mosdøl, Kviteseid, og som er tonesett av komponisten Oddbjørn Aase, Seljord.

Verket handlar om samspelet mellom natur og menneske, tradisjonar og verdiar. Musikken til tekstane hentar inspirasjon frå det musikalske slektstreet, både innanfor og utanfor det reint kyrkjelege. Her er ballade, gospel, tango, barnesong, gregorianske og austlege vekster i full blomst. Korinnslaga er ulike i format frå a capella med fire og to stemmer, firstemt kor med piano – og i samsong med alt- og barytonsolist. Det er skrive arrangement for pianist, fløytist, kontrabass. Korverket er ein nynorsk produksjon.

Konsertdato/Stad:

  • Bø kyrkje laurdag 28. mars 2020 kl 18. Billettar på nett, klikk her.
  • Granvin Kulturhus 29. mars 2020 kl 18. Billettar på nett, klikk her.

Dirigent: Grete Hasselgård Sele.

Solistar:

Baryton: Peder Arnt Kløvrud

Musikarar:

  • Klaver: Rolf Axelsen Lie
  • Kontrabass: Jon Rørmark
  • Fløyte: Ingri Elise Engeland

Pressemelding 2018:

Glimt frå den aller fyrste konserten i Kviteseid kyrkje, sundag 23. september 2018.

Songverket «Slektenes lovsong» er eit nyskrive verk med 16 songar som Olav Mosdøl i Kviteseid og Oddbjørn Aase i Seljord har arbeidd med det siste året. Seljord Songlag blei tidleg involvert i den musikalske produksjonen. 

Prosjektet «Slektenes lovsong» har som mål å vise ‘songen og musikken’ som slektenes middel og evne til kommunikasjon, mellom ulike generasjonar og med god formidling. Olav har skrive dei 16 tekstane med vekt på variert innhald. Oddbjørn har forma musikken og arrangert 12 av tekstane for kor, to solistar og fire musikarar. 4 tekstar er tenkt framført som resitativ.

Verket handlar om samspelet mellom natur og menneske, tradisjonar og verdiar. Dei tolv tekstene som det er sett musikk til, vekslar mellom kyrkjeleg og sakral stil, vise- og ballede-preg, rytmisk populærmusikk og gospel. Korinnslaga er ulike i format frå á capella med fire og to stemmer, firestemt kor med piano – og i samsong med alt- og barytonsolist. Det er skrive arrangement for pianist, fløytist, kontrabass og slagverk. Korverket er ein nynorsk produksjon.

Olav Mosdøl og Oddbjørn Aase har mangeårig erfaring bak seg når det gjeld tekst og musikk. Dei gler seg over samarbeidet og den positive haldninga til Seljord Songlag. Det er eit blanda kor som blei starta i 1988, og har omlag 30 entusiastiske songarar som kjem frå Seljord og omeign. Sidan 1994 har koret hatt samarbeid med Skagerak Energi om ein årleg julekonsert.

Musikarar og solistar 2018: Jon Rørmark (kontrabass), Ingri Elise Engeland (fløyte), Øivind Bangor (piano), Peder Arnt Kløvrud (baryton), Anne Gravir Klykken (alt), Olav Mosdøl (resitasjon).