Omtale av Sundsbarmkonserten 2023.

Alle bilete og tekst tilhøyrer Vest-Telemark Blad.

Den eine utsøkte godbiten etter den andre vart trylla fram frå konfektøskja til Oddbjørn Aase og Seljord Songlag sundag ettermiddag, i ein konsert som like gjerne kunne vore i operaen – og som skulle vore i ein katedral.

KOMMENTAR

Åshild Emma SolbjørJournalistaashild@vtb.no

Publisert: 05.12.2023 18:00Sist oppdatert: 19:10

Adventskonserten til Seljord Songlag har i fleire år hatt ein heilt spesiell scene i «Skorvekatedralen» inne i Sundsbarm kraftverk, men i år som i fjor gjorde tryggleiksomsyn at den vart flytta til Granvin kulturhus. Her fekk 220 heldige publikumarar nyte halvannan time med ei god blanding av livleg jolefest og vakker høgtidsstund, krydra med litt allsong.

Dei 25 songarane omkransa scenen på tre kantar. Tjue damer og fem menn, alle kledd i svart med lilla detaljar, og alle med ei rakrygga, strålande songglede. Nokre stemmegrupper var berre tre – fire stykk, men uansett klang dei som om dei var ei einaste fyldig stemme.

– Denne konserten er ei konfektøskje der ein finn litt av kvart, sa dirigent Oddbjørn Aase, og det var ei treffande skildring. For det var engelsk, norsk og tysk. Roleg, leikent og kraftfullt. Song med tekst, song utan tekst og reine instrumentalmelodiar. Aase dirigerte både songlag og musikarar med ein sjølvsagt autoritet, både avslappa og energisk på same tid. Og det er kanskje ikkje så rart at han eigde stoffet, for han har hatt ein eller fleire fingrar med i arrangementet til mesteparten av repertoaret. Innimellom sette han seg til og med ved trommesettet og styrte takten derifrå.

Spesielt morosamt var det å høyre «Når jula kjem», ein nynorsk versjon av den velkjente reklamesongen for Coca Cola. Og når trillande flygeltonar innleia temaet frå «Tre nøtter til Askepott» rørte det ved djupe jolestrengar, i alle fall i eit 42-årig sinn. Så, heilt mot slutten, steig Hans Olav Slettebø fram frå songlagsrekkene som solist på «O helga natt». Det var godt og varmt øvst i amfiet i den fullsette salen, men på dei høgaste tonane fekk ein like fullt gåsehud – av den veldig gode typen.

Musikarane gav songane ei vakker og stemningsfull innpakning – og til tider var dei sjølve godbiten medan songlaget var innpakninga. Innimellom skein musikarane også åleine; då sette songlaget seg ned og var publikum dei også. Mellom anna var det tre lettbeinte engelske klassikarar arrangert av Øyvind Bangor, som også sat ved flygelet under konserten. To av desse var var heil-instrumentale, medan «The Christmas song» hadde kontrabassist Jon Rørmark som solist. Mot slutten av konserten vart det nokre minutt med melankolsk jolefred då Ragnhild Knudsen tok fram hardingfela og spela folketona «I denne søte juletid» på eit underlag av mjuke kontrabasstonar.

Mykje av magien vart til i den avslappa og leikne formidlinga frå alle på scenen. Alt flaut så lett at ein skulle tru at at songarar, flygel, strykarar, kontrabass, horn og fløyte hadde øvd saman i lang tid, og at denne konserten var ein av mange som dei turnerte rundt med no i førjolstida. Men nei. Dette er innøvd og drege saman til akkurat denne kvelden, akkurat desse 90 minuttane, saman med akkurat oss 220.

Det er også eit godt skussmål til lyd- og ljosmannskapet at ein nærast gløymde at dei og alt utstyret var der. Det var som om ljoset og lyden berre blei bra heilt av seg sjølv –som ein slags teknikkmagi.

Mange hadde nok med glede betalt både ein og fleire hundrelappar for denne opplevinga – det var ho definitivt verd. Men i beste jolegåve-ånd er det Sundsbarm kraftverk som betalar for dette musikalske gildet, slik dei gjer kvart år.

Dermed fekk me nyte heile denne musikalske konfektøskja gratis.