Omtale av Sundsbarmkonserten 2023.

Alle bilete og tekst tilhøyrer Vest-Telemark Blad.

Den eine utsøkte godbiten etter den andre vart trylla fram frå konfektøskja til Oddbjørn Aase og Seljord Songlag sundag ettermiddag, i ein konsert som like gjerne kunne vore i operaen – og som skulle vore i ein katedral.

KOMMENTAR

Åshild Emma SolbjørJournalistaashild@vtb.no

Publisert: 05.12.2023 18:00Sist oppdatert: 19:10

Adventskonserten til Seljord Songlag har i fleire år hatt ein heilt spesiell scene i «Skorvekatedralen» inne i Sundsbarm kraftverk, men i år som i fjor gjorde tryggleiksomsyn at den vart flytta til Granvin kulturhus. Her fekk 220 heldige publikumarar nyte halvannan time med ei god blanding av livleg jolefest og vakker høgtidsstund, krydra med litt allsong.

Dei 25 songarane omkransa scenen på tre kantar. Tjue damer og fem menn, alle kledd i svart med lilla detaljar, og alle med ei rakrygga, strålande songglede. Nokre stemmegrupper var berre tre – fire stykk, men uansett klang dei som om dei var ei einaste fyldig stemme.

– Denne konserten er ei konfektøskje der ein finn litt av kvart, sa dirigent Oddbjørn Aase, og det var ei treffande skildring. For det var engelsk, norsk og tysk. Roleg, leikent og kraftfullt. Song med tekst, song utan tekst og reine instrumentalmelodiar. Aase dirigerte både songlag og musikarar med ein sjølvsagt autoritet, både avslappa og energisk på same tid. Og det er kanskje ikkje så rart at han eigde stoffet, for han har hatt ein eller fleire fingrar med i arrangementet til mesteparten av repertoaret. Innimellom sette han seg til og med ved trommesettet og styrte takten derifrå.

Spesielt morosamt var det å høyre «Når jula kjem», ein nynorsk versjon av den velkjente reklamesongen for Coca Cola. Og når trillande flygeltonar innleia temaet frå «Tre nøtter til Askepott» rørte det ved djupe jolestrengar, i alle fall i eit 42-årig sinn. Så, heilt mot slutten, steig Hans Olav Slettebø fram frå songlagsrekkene som solist på «O helga natt». Det var godt og varmt øvst i amfiet i den fullsette salen, men på dei høgaste tonane fekk ein like fullt gåsehud – av den veldig gode typen.

Musikarane gav songane ei vakker og stemningsfull innpakning – og til tider var dei sjølve godbiten medan songlaget var innpakninga. Innimellom skein musikarane også åleine; då sette songlaget seg ned og var publikum dei også. Mellom anna var det tre lettbeinte engelske klassikarar arrangert av Øyvind Bangor, som også sat ved flygelet under konserten. To av desse var var heil-instrumentale, medan «The Christmas song» hadde kontrabassist Jon Rørmark som solist. Mot slutten av konserten vart det nokre minutt med melankolsk jolefred då Ragnhild Knudsen tok fram hardingfela og spela folketona «I denne søte juletid» på eit underlag av mjuke kontrabasstonar.

Mykje av magien vart til i den avslappa og leikne formidlinga frå alle på scenen. Alt flaut så lett at ein skulle tru at at songarar, flygel, strykarar, kontrabass, horn og fløyte hadde øvd saman i lang tid, og at denne konserten var ein av mange som dei turnerte rundt med no i førjolstida. Men nei. Dette er innøvd og drege saman til akkurat denne kvelden, akkurat desse 90 minuttane, saman med akkurat oss 220.

Det er også eit godt skussmål til lyd- og ljosmannskapet at ein nærast gløymde at dei og alt utstyret var der. Det var som om ljoset og lyden berre blei bra heilt av seg sjølv –som ein slags teknikkmagi.

Mange hadde nok med glede betalt både ein og fleire hundrelappar for denne opplevinga – det var ho definitivt verd. Men i beste jolegåve-ånd er det Sundsbarm kraftverk som betalar for dette musikalske gildet, slik dei gjer kvart år.

Dermed fekk me nyte heile denne musikalske konfektøskja gratis.

Sundsbarmkonserten 2023.

Også dette året var det Sundsbarmkonsert på Granvin. Det same orkesteret var engasjert, men cellisten dette året var Målfrid Kvålo.

Program:

Ding dong! Merrily on high.    T: Woodward M: Fransk 1500-tal. Arr: Wood/O. Aase

Et lite barn så lystelig. T: dansk salmebog 1569. M: Norsk folketone. Arr: Krohn/O. Aase.

Solist: Kristin Johanne Kleiv.

Allsong: Tenn lys.

I den kalde vinter. T: Chr. Rosetti. Oms: Kari Bremnes. M: G. Holst. Arr: O. Aase.

What Child is This. T: Chatterton Dix 1865. M: Engelsk folketone 1500-tal. Arr: O. Aase.

Utdrag frå “Jesu meine Freude” (BWV 227). T: Frank 1650. M: Hymne J.S. Bach

Kvintett for horn og strykekvartett 1. sats. Franz Anton Hoffmeister.

Allsong: Sjå tusen julelys.

Have yourself a Merry Little Christmas. T/M: H. Martin/R. Blane. Arr: Althouse/O. Aase.

Let i t Snow.       T: Sammy Cahn. M: Jule Styne. Arr: Øivind Bangor.

The Christmas Song.  T/M Robert Wells/Mel Tormé. Arr: Øivind Bangor.

Solist var Jon Rørmark som også spela bass.

Rockin’ around the Christmas tree.     T/M: Johnny Marks. Arr: Øivind Bangor.

I denne søte juletid         M: Folketone frå Setesdal. Arr: Knudsen/Rørmark.

Tre nøtter til Askepott.       M: Karel Svoboda. Arr: O. Aase.

Å, kom nå med lovsang. T: “Adeste Fideles”.Oms: Per Lønning. M: London 1782. Arr: O. Aase.

Himlen i min famn.  T/M: Carola Häggkvist./Erik Hillestad. Arr: O. Aase.

Når jula kjem.    T/M: Scott Kemper/Richard Airis. Arr/Oms: O. Aase.

Allsong: Glade jol.

Julsång.    Solist: Hans Olav Slettebø. T/M A. Adams  O: A. Kock    Arr: O. Aase.

Allsong: Deilig er jorden.

Lyd: Geir Jensen, Lys: Knut Espelid.

Sponsor for denne konserten var i år som alle tidlegare år: Sundsbarm Kraftverk

Omtale i Vest-Telemark Blad:

Køntrishow 2023.

Det var mye om og men før Seljord Songlag fekk framført denne produksjonen. Men til slutt gjekk det.

Men uventa forsinkelsar kan nyttast til kreative grep. Britt Merethe hadde idear, og til slutt enda det med ein koreografert konsert, med kostyme og cowboyhattar. 21. april på Granvin og 30. september på Sandvin i Bø. Bandet var trufast med oss heile vegen – veldig flinke musikarar.

Hornisten si oppleving av Sundsbarmkonserten 2022

Ein fullsett kinosal også denne gongen! Asgeir Søfteland var innleigd solist på walthorn til denne konserten. Vi i Seljord Songlag er ikkje vande med tilbakemeldingar frå solistane og på dette nivået, så takk, Asgeir!

Korleis kan ein eigentleg skildre noko som er heilt vanleg, men også spesielt på same tid?

I går var eg med som innleigd musikar på den tradisjonsrike advents-konserten med Seljord Songlag, koret til mamma – i heimbygda. Konserten er sponsa av Sundsbarm kraftverk, og er derfor vanlegvis inne i turbinhallen i kraftverket, der det er steinveggar i alle retningar, og ordentleg «katedral-etterklang».

Men av sikkerheitsgrunnar vert konserten i år flytta til Granvin kulturhus. Litt «nedtur» å ikkje få spele i steinhallen, men at songlaget vel å satse lokalt og leige inn sju musikarar som med unntak av meg sjølv held til i eller nært Seljord, trur eg sette ein unik spiss på nettopp denne tradisjonsrike konserten i år. 

Eg vert sjølv særleg imponert over Øivind, han var læraren min i naturfag og musikk då eg gjekk på ungdomsskulen. Ikkje berre stilte han sporty opp for å akkompagnere eit solostykke eg tok med, men han spela òg med på alt med ensemblet OG var solist på 3. sats av Mozart sin klaverkonsert nr. 14. Sistnemnde akkompagnert av ein særs lokal og velklingande strykekvartett, med Vidar , Rønnaug, Ragnhild og Helene. Inspirerande var det også å ha Jon i ensemblet, like godt på både kontrabass, fløyte og song.

Å spele ein slik konsert er ein heilt «vanleg» dag på jobb for meg som frilansmusikar. Eg får tilsendt noter, førebur desse og stiller opp til avtalt tid, men det gjorde inntrykk på meg, å vere tilbake for å spele på scena i same salen som på min aller fyrste konsert med Seljord skulemusikk i 1995(?), der eg var aspirant på kornett. Gunn (dirigenten), lur og oppdatert på relevant musikk som ho er, hadde arrangert melodien frå Japp-sjokoladereklama som gjekk på TV stadig vekk den gongen. Eit brasiliansk, samba-aktig og lettlært tema, tilpassa nivået til dei ulike aspirantane. Var det kanskje slik alt starta, for min del?

Oddbjørn, som dirigerer songlaget året gjennom, spela eg truleg sist med som dirigent på fellesseminar med Seljord og Flatdal skulemusikk i 1998, der han let meg som få månader tidlegare hadde bytta frå althorn til waldhorn, få sleppe til med «elefant-aktige» glissandoeffektar som slett ikkje stod i notane, men som fekk bli med inn i låta som elles hadde jungel-tematikk. Ein artig vri som sikkert gav meg underbevisst motivasjon til å fortsette å spele på instrumentet eg hadde bytta til.

Til konserten på Granvin hadde Oddbjørn arrangert stort sett alt som strykekvintetten+piano+horn skulle framføre i lag med koret, men sanneleg så kjende eg også her på mykje av den same kreative samarbeidsviljen i løpet av den korte innøvingsperioden me hadde (rettnok med hakket meir avanserte forslag til arrangering frå mi side enn elefant-lydeffektar denne gongen). 

Korleis klarer ein å halde koken og ståpå-viljen, sjølv etter så mange år, enten ein er kormedlem, instrumentalist eller dirigent? Eg trur svaret ligg i gleda av å arbeide hardt mot eit felles mål, i vårt tilfelle å framføre resultatet til glede for andre. Og at ingen konsertar, sjølv med identisk repertoar, er like.

Konserten i går var ein «vanleg dag på jobb» for meg som musikar, i det eg sjølv gjorde. Men konserten gjorde inntrykk på meg som menneske, i å sjå og høyre kor mykje musikk og følelsar som kjem fram på scena og i salen, enten ein er korsongar, profesjonell musikar eller publikum. 

Slike samlande tiltak har eg gjennom åra som frilansmusikar så langt fått oppleve i alle fylka i landet (pluss Svalbard), og eg blir berre meir og meir sikker på at alt heng saman. Ein treng eldsjeler som gjeng langt utover det som no enn måtte stå i arbeidsskildringa til ein musikar eller pedagog. Ein treng eit levande amatørkulturliv, spelestader og samlingsplassar. 

Det som spring ut av slike kulturelle (og til dels økonomiske) investeringar, kan faktisk ikkje målast i kroner og øre. Det kjem samfunnet til gode på så mange måtar likevel, i form av samhald, inkludering, generell folkehelse. Ein må jamleg kjempe for at statsbudsjettet skal støtte kulturlivet tilstrekkeleg, men eg sikker på at alle som har opplevd eit arrangement som verkeleg har gjort inntrykk på dei vil vere einige i at det er det verd. (Sundsbarm kraftverk har iallfall skjønna det?). Takk for konserten, og takk for at eg fekk vere med! 😄

Sundsbarmkonserten 2022

Seljord Songlag i samarbeid med Skagerak Energi, ønskjer også i år velkomen til adventskonsert. Av tryggleiksgrunnar blir ikkje konserten halden i Sundsbarmhallen i år.

Tid: Sundag 27.november 2022 kl 17 – 18.30.

Stad: Granvin Kulturhus, kinosalen.

Konserten er gratis, sponsa av Skagerak Energi.

Musikarar/solistar:

Øivind Bangor, piano.

Rønnaug Flatin, fiolin.

Asgeir Søfteland, horn.

Helene Waage, Cello.

Vidar Ytre-Arne, fiolin.

Vidar Ytre-Arne, fiolin

Ragnhild Knudsen, bratsj.

Jon Rørmark, kontrabass.

Som vanleg er Oddbjørn Aase korets dirigent, arrangør og kunstneriske leiar. Saman lovar vi dykk ein stemningsfull konsert!

“Slektenes Lovsong” – fjerde framsyning!

På biletet over er alle songarane samla. Bø kyrkjekor og Seljord Songlag. Det blei ei mektig oppleving av dette verket. Grete Hasselgård Sele dirigerte, Rolf Axelsen Lie spela piano, Oddbjørn sat ved slagverket, Sigrid Aase song alt-stemma, elles var det dei same musikarane og solistane som ved dei tre fyrste framsyningane.

Trass i ein pandemi vart prosjektet gjennomført.

Sundsbarmkonserten 2021

Enda ein gong har Sundsbarm kraftverk og Seljord songlag samarbeidd om Adventskonsert. 205 publikummarar fann vegen til konserten. Til vanleg er det rundt 400 som brukar å møte på denne konserten, men no hadde ein valt å la annankvar stol vere ledig. Det er framleis koronarestrikasjonar, så dette var eit tiltak som gjorde det forsvarleg å gjennomføre konserten. Det er to år sidan sist vi song her. Dirigent Oddbjørn Aase hadde som vanleg hand om den musikalske leiinga, og som vanleg hadde han arrangert mykje av stoffet sjølv.

I år hadde Ivar Barstad ansvar for lyden.

Tid: 1. sundag i advent: 28. november kl 16.00.

Praktisk: Konserten finn stad vel 700 m inne i Skorvefjellet i sjølve produksjonshallen. Konserten er gratis. Tilsette frå Sundsbarm er til stades ved tunellinngangen ei tid før konserten begynner. Det er lurt å kle seg godt.

Musikarar:

Sigrid Aase, vokal.
Vidar Ytre-Arne, fiolin.
Einar Næss Haugseth, tangentar.
Martin Lie Svendsen, bass.

Foto: Private eller Wikipedia.

Program 2021.
Folkesongen ……………………………………………………………T Jørund Telnes M Trad. Arr S. Aase. Her skulle vi i koret lage ein bordun, ein tone som alle nynna på mens Sigrid song dette stevet. Etterpå song koret a capella dei neste songane:
Tenn lys ………………………………………………………..T Eyvind Skeie M Sigvald Tveit Arr O. Aase
Nå tennes tusen julelys …………………………………………….M Emmy Köhler Arr E. N. Haugseth
Frå Betlehem eit gjetord gjeng …………..T Elias Blix M Ludvig Mathias Lindeman Arr O. Aase
Det hev ei rosa sprunge …………………………………M 1400-t/Praetorius Arr V. Ytre-Arne / ork.
Midt i hårdest vinter ……………T Rosetti/Svein Ellingsen. M Gustav Holst. Arr O. Aase / ork.
Allsong: I en natt. Dette er ein song av Bjørn Eidsvåg. Etter denne allsongen var det orkesteret sin tur, med Vidar i front. Felemusikk frå Shetland, ein riktig stemningsfull melodi.
The Slocked Light ………………………….M Tommy Anderson (Shetland) Arr V. Ytre-Arne / ork.
Moon River ………………………………………………………..T J. Mercer. M H. Mancini. Arr O. Aase. Her starta Sigrid og orkesteret, og etter kvart kom vi i koret med i Oddbjørns arrangement.
The Skye Boat Song ………………………………………..T Robert L. Stevenson M Trad. Arr O. Aase. Dette er ein skotsk folketone. Her skulle koret lage lyd frå hav og vind før og etter sjølve songen.

Glade jol …………………………………T B.S. Ingemann O B. Støylen M Franz Grüber Arr O. Aase. Den neste melodien hadde Vidar og orkesteret. Vidar er og ein habil jazzfiolinist.
Have Yourself a Merry Little Christmas ………………….M Hugh Martin Arr V. Ytre-Arne / ork.
Allsong: Å, kom nå med lovsang

Allsong: Det lyser i stille grender
When the party’s over ………………………………………………………………..T/M: Finneas O’Connell
Du ser meg i auga ………………………………………….T H.M. Vesaas M Terje Eliassen. Arr Caplin
Folkefrelsar til oss kom …………………………….T Ambrosius O B.Støylen M 1100-t Arr O.Aase
Klinge skal et jubelkor ……………………….T latinsk 1300/P. Lønning M Moosburg Arr O. Aase
Duetten “The Prayer” er mest kjent frå eit samarbeid mellom Celine Dion og Andrea Boccelli. Her var det Sigrid og Hans Olav som tok han til nye høgder. Etter dette innslaget var det ståande applaus!
The Prayer ……………………………………..T A. Testa/T. Renis/Carol Bayer Sager M David Foster

Orkesteret hadde en pussig intro her, der dei “pirka” fram melodien, heilt til Vidar let fiolinen introdusere det første verset, som Hans Olav song. Koret var med på refrenga, Sigrid song andre verset. “Julsång” har vore eit fast innslag på så godt som alle jule- og adventskonsertane våre. Avslutningssongen, “Deilig er jorden” i A. Öhrvall sitt arrangement har vi også bruka å avslutte med. Da brukar alle i den store salen å reise seg.
Jul-sång …………………………………………………………………………………..T/M A. Adam /O A. Kock
Seljord Songlag takkar Skagerak Energi for oppdraget og ynskjer alle ei rik adventstid!
Allsong: Deilig er jorden.



Vest-telemark blad september 2021:

Etter nesten eit og eit halvt år med svært få sosiale aktivitetar, for alle og ein kvar, gler me i Seljord Songlag oss over å endeleg kunne samlast att. Det å synge i kor fremmar sosial trivsel, gjev «mestringfølelse» og er dessutan med på å betre livskvalitetenMe tusla bort på Granvin ein måndagskveld, hausten 2019. Me kjende andre som var med i Seljord Songlag, men ingen på vår eigen alder. Litt nervøse nærma me oss «Gamlesalen», der me høyrde latter og prat. I løpet av minuttar vart me ynskja hjarteleg velkomen og blei fordela på våre respektive stemmer. Etter detta har me blitt. Det gode miljøet, samhaldet og ein felles glede for musikk har gjort at me framleis gler oss til både øvingar og konsertar.

Det har vore ei utfordrande tid for dei fleste organisera aktivitetar. Songlaget har løyst dette med å dele øvingane opp i stemmebasera grupper og eigne solistøvingar, samt digitale løysningar for heimeøving. Me har vore så heldige med at øvingslokalet er stort og me kan difor halde avstand etter gjeldande reglar.

Allereie i fjor starta me med å jobbe mot ein Countrykonsert. Me måtte dessverre vente på betre tider, men dirigenten vår, Oddbjørn Aase, har heile tida jobba iherdig i kulissene med noter og planer. Nå har me tatt opp stoffet igjen, og øver på dette med håp om Countrykonsert i 2022. Her har me med alt frå Patsy Cline, Dolly Parton, Johnny Cash, The Chicks og Kacey Musgraves. Det er moro å jobbe med både ny og gamal Country/Westernmusikk og me opplever at det appelerar til alle aldrar.

Tradisjonen tru, plar Seljord Songlag og Sundsbarm Kraftverk å invitere til konsert, fyste sundagen i advent, i Skorvekatedralen. Dette har markert starten på adventstida i Seljord i nesten 30 år. Me har i år håp om å få gjennomført dette. Derfor er me allereie i gang med å øve til dette og. Det er ei heilt spesiell høgtidsstemning å synge inn adventstida i den store fjellhallen, og dette er noko me gler oss til kvart år.

Er du ein som gjeng å trallar for deg sjølv? Eller kanskje du har vore med i kor tidlegare og saknar det? Me er eit allsidig kor, både i alder, musikalske ferdighetar og personleghetar. Ikkje minst har me ein knakande god dirigent og trivelege kaffepauser med noko godt å bite i. Kom gjerne på eit uforliktande besøk på vår øving på Granvin Kulturhus i Seljord.

Ref: Jeanette Skoland og Kristine Heimdal Kleiv

Haust 2021

12. mars 2020 var det berre to veker til at Seljord Songlag og Bø kyrkjekor skulle framføre to konsertar med verket “Slektenes lovsong”, skrive av Olav Mostøl og korets dirigent, Oddbjørn Aase. Det var knapt ein månad etter at koret hadde ein framifrå god konsert med populærmusikk. Konsertane måtte avlysast. Myndighetane synte til smittevernlova. Det var ikkje anna å gjere.

Sidan den gong har Seljord Songlag, som dei fleste andre lag måtta leggje alle planar på vent. Men nå, hausten 2021, er det håp.

Så, du som likar å syngje i lag med andre, ta kontakt. Etter kvart kjem lysingar om når koret startar opp att. Her på heimesida ser du at vi øver på Granvin på måndagar, 18-20. I Gamlesalen.

It was thirty years ago today…

It was twenty years ago today
Sergeant Pepper taught the band to play
They’ve been going in and out of style
But they’re guaranteed to raise a smile
So may I introduce to you
The act you’ve known for all these years?
Sergeant Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

OK, “Sgt. Pepper” var ikkje på programmet på denne mimre-cabareten, men nostalgisk var det, i alle fall for oss som nå er over 60.

Somme av innslaga:

  • Blackbird
  • Hei Knut (Norsk tekst ved Lillebjørn Nilsen).
  • “Narren på ei bakkebrun” (“Fool on the hill”, tekst av Arvid Torgeir Lie(??)).
  • Ho er velkomen (“Ticket to ride”, tekst av Magne Eiesland).
  • Ikkje svar, (Tekst Magne Eiesland,

Nokon der ute som hugsar fleire/betre?

Først litt om plakaten. På denne tida arbeidde Arne Langesæter i Vest-Telemark Blad. Han fekk i oppdrag å lage denne plakata til forestillinga. Kanskje dei som er under 60 år og kan sjå at Arne nytta omslaget til albumet “Abbey Road”, gjorde nokre magiske grep, og plutseleg kunne ein sjå The Beatles på veg frå Tveitan og over til Handelslagstomta.

VTB 24. mars 1990. Faksimile. Randi N i bakgrunnen. Alle hadde “tidsriktige antrekk”.

“Beatles på Brøles” var eit stort prosjekt for eit lite og nystarta kor. Vi samarbeidde med Brøles Janitsjar, diktarar som Arvid Torgeir Lie og Magne Eiesland skreiv nye og nynorske tekstar til Beatles-songar.

Signaturen “Arali” er daverande redaktør og bladfyk Tore Skaug. På den tida var det sjølvsagt at slike konsertar var avisstoff.

På framsida av Vest-Telemark Blad. Seljord Songlag takkar for applausen.

Ingen av oss hadde vore med på eit slikt prosjekt tidlegare. Det var utruleg mykje arbeid, og vi var heilt utslitt etter to fulle hus på Granvin.