385 på Sundsbarmkonserten 2019

Dette talet er det avdelingsleiaren på Sundsbarm kraftverk, Dagfinn Listaul, kom til då konserten byrja kl 16, sundag 1. desember 2019. I dette talet ligg sjølvsagt dei tilsette ved Sundsbarm kraftverk som var på vakt då og koret og solistane. Det var sett fram stolar til omlag 420 fortalde Dagfinn.

Arrangementsmessig er dette likevel kanskje ein av dei mest besøkte kor-konsertane i denne delen av landet. Da vi i koret stod på scena, såg vi publikum fylle heile salen attende til den grønkledde veggen av Skorve-fjell.

Om det blei magisk? Eg hadde bruka dette adjektivet på “Kva skjer i Seljord” på FB. Jau, det kan eg stå inne for .

Den første avdelingen var religiøst salmestoff, og som ein ser var alt arrangert av Oddbjørn Aase, gjerne med utgangspunkt i tidlegare arrangement. Denne avdelinga hadde koret åleine. Det var heilt stille i salen, og publikum venta, uoppfordra, med applausen til vi var ferdige med “Gjer døri høg”. Terje Norum sauma dette i hop med elegante overgangar frå koret sitt gamle el-piano.

Mens frost og vintermørke rår …………………..T S. Ellingsen/E. Evers M J. Crüger Arr O. Aase
Folkefrelsar til oss kom …………………………..T Ambrosius O B. Støylen M 1100-t Arr O. Aase
No koma Guds englar ………………T E.Blix M Skotsk 1600-t/Folket. (Vest-Agder) Arr O. Aase
Det hev ei rosa sprunge …….T Tysk/F.Layriz O P.Hognestad M 1400-t/Praetorius Arr O.Aase
Ei krubbe var vogga ………T Amerikansk 1885/E. Skeie 1979 M W. J. Kirkpatrick Arr O. Aase
Gjer døri høg …………………………………..T G. Weissel M L. Bougeois Arr O. Aase/P. Steenberg.

Etter allsong “Tenn lys”, fylgde ei avdeling med Heidi Gjermundsen Broch, Terje Norum og koret i lag. Den første låta er frå eit CD-album “Tidevann”, som Terje og Heidi ga ut i 2010. “Et juledikt” var ein tekst av Jens Bjørneboe, der Oddbjørn hadde laga eit “klangunderlag”, ein parafrase over “Deilig er jorden”. Teknisk handla det om koordinering, der Heidi måtte framføre teksten slik at koret og ho kom fram på likt, og det klarte vi.

Du skulle vært et annet sted …………………………………………………..T/M I. Hagerup/T. Norum
One Of Us ……………………………………………………………………………………………T/M E. Bazilian
Romjulsdrøm ………………………………………………………………………….T/M A. Prøysen/Th. Borg
Make You Feel My Love …………………………………………………………………………….T/M B. Dylan
I den kalde vinter ……………………………………………..T Chr. Rossetti M G. Holst Arr T. Kragset
Et juledikt ………………………………………………………………….T J. Bjørneboe Arr/bearb. O. Aase
Mitt hjerte alltid vanker ………..T H.A. Brorson M Norsk var. av svensk folketone Arr O. Aase
Marias fang ………………………………………………………………………T/M S. Dagsland Arr O. Aase
Hallelujah ………………………………………………………………………….T/M L. Cohen Arr T. Norum.

Så var det allsong att, denne gongen “Glade jol”, der vi i koret song 4-stemt etter noter vi kjende godt. I den tredje og siste avdelingen song Heidi “Julekveldsvisa” i eit arrangement Terje hadde laga. Dette var kanhende det mest “avanserte” nummeret i konserten, der Terje spela akkorder og klangar på dei mest overraskande måtar. “I et lite hus” er eigentleg skrive for 5-stemt kor, og det blir ikkje enklare å syngje når nærmare 30 stemmer skal gjennom taktskifte med 2-3-4 og 5 slag i takta. For meg var “Koppången” eit nytt møte – ein vakker song om ein stad ikkje langt frå Mora i Sverige.

Gjennom konserten synte Heidi seg som den store songaren og skodespelaren ho er. Frå dei lågmælte, lyriske tekstane til Alf Prøysen, til den pompøse “Julsång”. Det var fleire enn eg som var rørt her.

Julekveldsvisa …………….T A. Prøysen M A. Høyland Arr T. Norum/O. Aase
I et lite hus ……………T A.H. Grøv/K. Hauland M A.H. Grøv Arr H. Gravdal
Koppången …………………………………………….T/M P. Bäckman/P. E. Moraeus
Jul-sång ………………………………………………………….T/M A. Adam O A. Kock.

Etter at vi fekk “gønne på” i Julsång (Ole Petters tolkning av forte fortissimo i “Julsång”), avslutta vi tradisjonelt med “Deilig er jorden”, et arrangement koret har nytta sidan den første Sundsbarmkonserten.

Direktør Geir Kulås (som hadde plassert foreldra sine på 1. rad til venstre – dei hadde køyrd heilt frå Langesund), takka for frammøte og delte ut blomar til solistar, dirigent og den flinke formannen vår, Gro Ingunn Aase.

Kjolen.

Eg kan ikkje avslutte denne oppsummeringa utan å kommentere kjolen til Heidi. Under prøvene hadde ho på seg ein sid, grøn strikka kjole – det er ikkje kaldt i Sundsbarmhallen, men heller ikkje spesielt varmt. Men då klokka nærma seg 16 denne sundagen hadde ho bytt til ein raud, strikka kjole. Dette vekte sjølvsagt merksemd blant koristane, og ho kunne fortelje at den hadde ho strikka sjølv. “Beltet” var laga av mohairgeit frå Telespinn, og mønsteret hadde ho funne på ein kelim. Det raude garnet var eit “vanleg garn”. Ho kunne og fortelje at det var mykje ventetid på teateret. Det var forventa at alle hadde full merksemd til det som gjekk føre seg under prøver og innstudering, men det var akseptert at ein kunne både strikke og samstundes konsentrere seg om spelstykket. Ikkje dårleg?

Det er Britt Merete som tok dette bildet – ho og har forstand på klede ein lagar sjølv.

Det høyrer med til soga at Heidi måtte rett til Oslo etter konserten. Ho måtte vikariere for ein kollega som var blitt sjuk. Framsyningane av “Charlie og sjokoladefabrikken” gjekk på hovudscena og hadde vore utselde i lang tid – umogeleg å avlyse. Så ho kunne ikkje vere med oss på joletallerken på hotellet. Likevel var ho ei hyggeleg og blid dame heile tida, og som det var lett å samarbeide med – vi merkte lite til stresset ho hadde på seg.

Terje Norum lever og eit hektisk artistliv. Han har ein stilling som organist i ein kyrkjelyd i nærleiken av Moss. Kvelden før Sundsbarmkonserten spela han konsert i Sarpsborg fram mot midnatt. Likevel var dei både klare for prøver og konsert på sundags formiddag.

Til slutt: Stor takk til Arne og Ole Petter. Dei sytte for at el-pianoet, notestativ med lys etc kom fram til konserten i god tid, og ikkje minst at det kom attende til Granvin der det høyrde heime. Et spesielt syn å sjå karane i mørk dress, “kista” med el-pianoet stod plassert i Mercedes-stasjonsvogna til Ole Petter, og dei var klare til avgang frå Granvin….