Vi ønskjer velkomen til nye medlemmer i Seljord Songlag!

Somme av medlemmene i Seljord Songlag har vore med sidan starten i 1988! At songgleda framleis er der er gode nyhende. Det er og naturleg at folk kjem til og folk fell frå. Gjennom nokre år har koret praktisert “prøvetid”, det vil seie at dei er med i koret utan å betale kontingent eit halvt år. Vel dei så å halde fram, betalar dei kontingent på line med andre koristar.

I haust byrja ei handfull nye koristar, fordelt på alt- og sopranstemmene. No i 2020 er det tre unge damer i alt-gruppa som no held fram som fullverdige medlemmer. Lat meg presentere (f.v.) Kristine Heimdal Kleiv, Ciara Thomasdotter Osaland, og Jeanette Skoland!

Kristine:

Kristine er 32 år. Kristine er utdanna sjukepleiar. Ho er tilsett på medisinsk sengepost på Notodden sjukehus. Musikkinteressa og sansen for å skape musikk i lag med andre fekk ho gjennom korpsmusikken.

Ho har sunge i ten-kor og gospelkor, og dette gjorde at ho fekk lyst til å vere med i eit vaksenkor. Det var venninna, Jeanette, som fekk ho med i Seljord Songlag.

Ho likar å høyre på Carrie Underwood, Michael Jackson og Alan Jackson.

Ciara:

Ciara er yngste korist med sine 19 år. Ho byrja i Seljord Songlag våren 2019. Ho er lærling i filigransølvsmedfaget på Sølvsmedtunet i Vrådal hos meister Astrid Syftestad. Til våren er ho ferdig med fagbrevet, og da er nok også tida med både Vrådal og Seljord Songlag over.

Ciara er oppvaksen i Kristiansand, og song mykje i barnekor. I 2012 vart ho plukka ut til å synge og danse og kore under Thorbjørn Egners 100 års-konsert med Kristiansand Symphoniorkester. Ho var med å kore da Lissie, amerikansk countrysongar, hadde framsyning på Kilden (kulturhuset i Kristiansand) i 2015. Dette kjenner vi att, for Ciara har sunge soloparti med Seljord Songlag også, sist i 20.-dagskonserten i 2020.

Da ho kom til Vrådal etter eit år i Valle, Setesdal, fann ho fort ut at ho måtte finne seg eit kor, ho fann FB-sida vår og melde seg inn.

På spelelistene sine har har ho alt frå Elton John og Queens, til Taylor Swift og Meatloaf. Ulike filmscorer og operaer er også å finne, blanda med litt Metallica og Aerosmith. 

Jeanette:

Jeanette er 30 år. Ho jobbar som assisterande daglegleiar på Circle K Heddal og tek utdanning ved Circle K sitt talentprogram for utvikling av daglegleierar. I skrivande stund er det korøving, men denne kvelden er ikkje Jeanette på plass i alt-gruppa – ho held på med utdanninga si.

Då ho gjekk på SangSceneStudio linja ved Haugetun FHS i Fredrikstad, var ho med i både reint jentekor og skulekor. Elles var ho i ein periode med i eit ungdomskor som kulturskulen i Seljord hadde då ho var i skulealderen.

Så lenge Jeanette kan hugse har ho drive med song, men i­­nteressa for å bli med i kor kom då ho blei «for gamal» for soloundervisning i kulturskulen. Jobbturnus med kveldsvakter på måndagar gjorde det vanskeleg å prøve seg i Seljord Songlag, men hausten 2019 fekk ho ny turnus, slik at ho fekk moglegheit til å vera med i Seljord Songlag.

Jeanette fortel om seg sjølv og musikken: Eg er temmeleg «altetande» når det kjem til musikken eg høyrer og syng på. Det er veldig få plassar eg ikkje gjeng og trallar og syng. Eg likar meg nok best i countrysjangeren, men synast au musikk frå film og musikalar er utruleg artigt. Å få synge ei kraftig ballade med ein meiningsfylt tekst som skal formidlast er noko av det eg likar aller best!

Dette var ein første presentasjon av dei nye koristane våre, men tanken er å følgje opp dette utover våren.

Seljord Songlag fekk økonomisk støtte.

Produksjon og skiping av konsertar handlar i første rekkje om menneske og musikk. Samstundes må ein og nemne at finansiering er ein viktig del av dette arbeidet. Styret i Seljord Songlag møtte tidlegare i år (2019) representantar frå Bø kyrkjekor, og vi vart samde om å skipe til to konsertar med materialet vi øvde inn i 2018. Vi har kalla dette prosjektet for “Slektenes Lovsong 2020”. Kora har sendt søknader om støtte til dette prosjektet, og nokre tildelingar har kome inn på denne sida av årsskiftet:

  • Norges Korforbund: 20000 kr.
  • Sparebankstiftelsen Sparebanken Din, Bø: 20000 kr.
  • Sparebankstiftelsen Sparebanken Din, Seljord: 5000 kr.
  • Norges korforbund: 20000 kr.
  • Bø kommune: 7000 kr.

Du finn meir om desse prosjekta ved å klikke på lenkene ovanfor.

Meir frå Sparebankstiftelsen DnB.

I september 2019 kunne vi melde at Seljord Songlag hadde motteke 75000 kr til nytt piano. Dette er pengar frå #sparebankstiftelsendnb. Pianoet har vore i bruk på kvar øving sidan og andra samanhengar. Vi søkte om 10000 kr til pianokrakk, pianotrekk og klimaanlegg, og no i desember 2019 fekk vi vite at Sparebankstiftelsen ønske å stø også denne investeringa. På den måten kan koret by dirigent Oddbjørn Aase eit godt verkty til øvingane, eit instrument som kan nyttast av alle på Granvin, og ikkje minst: no blir vedlikehaldet mykje betre.

385 på Sundsbarmkonserten 2019

Dette talet er det avdelingsleiaren på Sundsbarm kraftverk, Dagfinn Listaul, kom til då konserten byrja kl 16, sundag 1. desember 2019. I dette talet ligg sjølvsagt dei tilsette ved Sundsbarm kraftverk som var på vakt då og koret og solistane. Det var sett fram stolar til omlag 420 fortalde Dagfinn.

Arrangementsmessig er dette likevel kanskje ein av dei mest besøkte kor-konsertane i denne delen av landet. Da vi i koret stod på scena, såg vi publikum fylle heile salen attende til den grønkledde veggen av Skorve-fjell.

Om det blei magisk? Eg hadde bruka dette adjektivet på “Kva skjer i Seljord” på FB. Jau, det kan eg stå inne for .

Den første avdelingen var religiøst salmestoff, og som ein ser var alt arrangert av Oddbjørn Aase, gjerne med utgangspunkt i tidlegare arrangement. Denne avdelinga hadde koret åleine. Det var heilt stille i salen, og publikum venta, uoppfordra, med applausen til vi var ferdige med “Gjer døri høg”. Terje Norum sauma dette i hop med elegante overgangar frå koret sitt gamle el-piano.

Mens frost og vintermørke rår …………………..T S. Ellingsen/E. Evers M J. Crüger Arr O. Aase
Folkefrelsar til oss kom …………………………..T Ambrosius O B. Støylen M 1100-t Arr O. Aase
No koma Guds englar ………………T E.Blix M Skotsk 1600-t/Folket. (Vest-Agder) Arr O. Aase
Det hev ei rosa sprunge …….T Tysk/F.Layriz O P.Hognestad M 1400-t/Praetorius Arr O.Aase
Ei krubbe var vogga ………T Amerikansk 1885/E. Skeie 1979 M W. J. Kirkpatrick Arr O. Aase
Gjer døri høg …………………………………..T G. Weissel M L. Bougeois Arr O. Aase/P. Steenberg.

Etter allsong “Tenn lys”, fylgde ei avdeling med Heidi Gjermundsen Broch, Terje Norum og koret i lag. Den første låta er frå eit CD-album “Tidevann”, som Terje og Heidi ga ut i 2010. “Et juledikt” var ein tekst av Jens Bjørneboe, der Oddbjørn hadde laga eit “klangunderlag”, ein parafrase over “Deilig er jorden”. Teknisk handla det om koordinering, der Heidi måtte framføre teksten slik at koret og ho kom fram på likt, og det klarte vi.

Du skulle vært et annet sted …………………………………………………..T/M I. Hagerup/T. Norum
One Of Us ……………………………………………………………………………………………T/M E. Bazilian
Romjulsdrøm ………………………………………………………………………….T/M A. Prøysen/Th. Borg
Make You Feel My Love …………………………………………………………………………….T/M B. Dylan
I den kalde vinter ……………………………………………..T Chr. Rossetti M G. Holst Arr T. Kragset
Et juledikt ………………………………………………………………….T J. Bjørneboe Arr/bearb. O. Aase
Mitt hjerte alltid vanker ………..T H.A. Brorson M Norsk var. av svensk folketone Arr O. Aase
Marias fang ………………………………………………………………………T/M S. Dagsland Arr O. Aase
Hallelujah ………………………………………………………………………….T/M L. Cohen Arr T. Norum.

Så var det allsong att, denne gongen “Glade jol”, der vi i koret song 4-stemt etter noter vi kjende godt. I den tredje og siste avdelingen song Heidi “Julekveldsvisa” i eit arrangement Terje hadde laga. Dette var kanhende det mest “avanserte” nummeret i konserten, der Terje spela akkorder og klangar på dei mest overraskande måtar. “I et lite hus” er eigentleg skrive for 5-stemt kor, og det blir ikkje enklare å syngje når nærmare 30 stemmer skal gjennom taktskifte med 2-3-4 og 5 slag i takta. For meg var “Koppången” eit nytt møte – ein vakker song om ein stad ikkje langt frå Mora i Sverige.

Gjennom konserten synte Heidi seg som den store songaren og skodespelaren ho er. Frå dei lågmælte, lyriske tekstane til Alf Prøysen, til den pompøse “Julsång”. Det var fleire enn eg som var rørt her.

Julekveldsvisa …………….T A. Prøysen M A. Høyland Arr T. Norum/O. Aase
I et lite hus ……………T A.H. Grøv/K. Hauland M A.H. Grøv Arr H. Gravdal
Koppången …………………………………………….T/M P. Bäckman/P. E. Moraeus
Jul-sång ………………………………………………………….T/M A. Adam O A. Kock.

Etter at vi fekk “gønne på” i Julsång (Ole Petters tolkning av forte fortissimo i “Julsång”), avslutta vi tradisjonelt med “Deilig er jorden”, et arrangement koret har nytta sidan den første Sundsbarmkonserten.

Direktør Geir Kulås (som hadde plassert foreldra sine på 1. rad til venstre – dei hadde køyrd heilt frå Langesund), takka for frammøte og delte ut blomar til solistar, dirigent og den flinke formannen vår, Gro Ingunn Aase.

Kjolen.

Eg kan ikkje avslutte denne oppsummeringa utan å kommentere kjolen til Heidi. Under prøvene hadde ho på seg ein sid, grøn strikka kjole – det er ikkje kaldt i Sundsbarmhallen, men heller ikkje spesielt varmt. Men då klokka nærma seg 16 denne sundagen hadde ho bytt til ein raud, strikka kjole. Dette vekte sjølvsagt merksemd blant koristane, og ho kunne fortelje at den hadde ho strikka sjølv. “Beltet” var laga av mohairgeit frå Telespinn, og mønsteret hadde ho funne på ein kelim. Det raude garnet var eit “vanleg garn”. Ho kunne og fortelje at det var mykje ventetid på teateret. Det var forventa at alle hadde full merksemd til det som gjekk føre seg under prøver og innstudering, men det var akseptert at ein kunne både strikke og samstundes konsentrere seg om spelstykket. Ikkje dårleg?

Det er Britt Merete som tok dette bildet – ho og har forstand på klede ein lagar sjølv.

Det høyrer med til soga at Heidi måtte rett til Oslo etter konserten. Ho måtte vikariere for ein kollega som var blitt sjuk. Framsyningane av “Charlie og sjokoladefabrikken” gjekk på hovudscena og hadde vore utselde i lang tid – umogeleg å avlyse. Så ho kunne ikkje vere med oss på joletallerken på hotellet. Likevel var ho ei hyggeleg og blid dame heile tida, og som det var lett å samarbeide med – vi merkte lite til stresset ho hadde på seg.

Terje Norum lever og eit hektisk artistliv. Han har ein stilling som organist i ein kyrkjelyd i nærleiken av Moss. Kvelden før Sundsbarmkonserten spela han konsert i Sarpsborg fram mot midnatt. Likevel var dei både klare for prøver og konsert på sundags formiddag.

Til slutt: Stor takk til Arne og Ole Petter. Dei sytte for at el-pianoet, notestativ med lys etc kom fram til konserten i god tid, og ikkje minst at det kom attende til Granvin der det høyrde heime. Et spesielt syn å sjå karane i mørk dress, “kista” med el-pianoet stod plassert i Mercedes-stasjonsvogna til Ole Petter, og dei var klare til avgang frå Granvin….

Sundsbarmkonserten 2019 blir magisk.

Når Heidi Gjermundsen Broch, Terje Norum og Seljord Songlag med dirigent Oddjørn Aase er på lag, blir stemninga magisk.

Årets adventskonsert blir som vanleg skipa til i produksjonshallen til Sundsbarm kraftverk 1. desember kl 16 – 17.30. Det er Skagerak Energi som sponsar konserten, og det er dei tilsette på Sundsbarm kraftverk som legg til rettes praktisk for avviklinga av konserten og syter for at det er trygt og sikkert.

Heidi Gjermundsen Broch. Skuespiller og artist. Foto: Mimsy Møller,

Ho er kjend frå Stjernekamp og “En får væra som en er“, i tillegg ei rekkje musikal- og teaterforestillingar. Ho er for tida tilsett på Det norske Teateret .

Saman med musikar Terje Norum har ho laga innspelinga “Tidevann”. Dette er songar til tekstar av Inger Hagerup.

Terje Norum, Oddbjørn Aase og Heidi Gjermundsen Broch har tidlegare vore på scena i lag. Ein gong laga dei konsert i den norske ambassaden i Riyad, Saudi Arabia.

Korkurs 26. oktober 2019.

  • Gratis for medlemer av Seljord Songlag.
  • Tid: 10 – 14
  • Stad: Granvin, Gamlesalen
  • Det blir pauser, tak med niste. Det blir ordna med kaffi.
  • Tak med liten lommespegel (men mobilen kan og brukast).
  • Tak med korpermen, vi tek utgangspunkt i dei songane vi brukar synge.
Songpedagog Lise Mette Møllerbråten, Gvarv, er kursleiar.

Korleis gjere det lettare å synge utan å anstrenge stemmen? Korleis treffer eg dei høge tonane? Korleis held eg songen i rett toneart?

Dette kurset er hjelp til sjølhjelp, desse og andre spørsmål finn vi svar på denne laurdagen. Tanken er å fylgje opp med nytt seminar vårhalvåret 2020.

Det var Arne som tipsa oss om LMM:

Frå Con Vocale sin FB i Februar 2019: “Con Vocale har tilbrakt helga på korseminar. Vi har jobba med klang, uttrykk, pust, stemmebruk, og øvd Griegs fantastiske kormusikk. Lise Mette Møllerbråten “herja” med oss og inspirerte oss hele lørdag, og vår eminente dirigent Cedomir pugget og pusset på og med oss søndag, Og alle var enig i at det hadde vært ei topp helg!

Nytt piano på plass på Granvin 18. september 2019!

Frå venstre: Leiar Gro Ingunn Aase Rue, Hans Petter Høie, Randi Nordskog, Geir Jensen, Øivind Bangor. Biletet tilhøyrer VTB, som gav denne glade nyhenda ei heilside i fredagsutgåva 21. september 2019.

I januar 2019 søkte Seljord Songlag om 100000 kr til nytt piano frå Sparebankstiftelsen DNB. I mai fekk vi tilsagn om 75000 kr, og Gro og Hans Petter reiste til Skien for å motta gåva.

Ein innkjøpskomité vart peikt ut: Oddbjørn Aase, Øivind Bangor og Tore Sognefest fekk dette mandatet. 28. august hadde dei eit framlegg klart, eit Hoffmann-piano levert av Hellstrøm Flygel & Piano i Oslo. Styret gjorde vedtak om å tinge dette pianoet i lag med ekstrautstyr som klimaanlegg. Komiteen hadde skaffa oss mykje piano for pengane.

Nå er det sendt sluttrapport til Sparebankstiftelsen DNB, han er godkjent, logo frå gjevaren er plassert på pianoet, pengane er kome og pianoet er betalt. Måndag 23. var fyrste korøvinga med det nye pianoet. Koret har eit ambisiøst program denne sesongen, og nå har den flinke dirigenten vår fått det verktyet han treng!

Nyhende frå Seljord Songlag hausten 2019.

  • Styret i Seljord Songlag har hatt møte 22. august med Bø Kyrkjekor. Ein ønskjer å skipe til to konsertar i mars 2020.
  • Styret held på med å lage avtaler med Heidi Gjermundsen Broch om solistoppgåver til Sundsbarmkonserten 2019 med Terje Norum på piano.
  • Duoprosjektet har fått ein konsertdato.
  • Koret song i eit bryllaup i Kviteseid laurdag 24.august 2019.

Sjå lenker ovanfor for meir detaljar.

Bli med i Seljord Songlag!

Seljord Songlag er eit blandakor og har omlag 28 aktive medlemar frå både Seljord og Kviteseid. Koret øvar med dirigent Oddbjørn Aase i gamlesalen på Granvin, Seljord, kvar måndag mellom 19 og 21.05.

Våren 2019 har vi starta opp eit prosjekt som vi har kalla “Duo”. Vi ønskjer å lage ein konsert med songar av typen “lett, rytmisk musikk”. Duoar som har laga musikk som er interessant også for kor er til dømes:

  • Simon og Garfunkel
  • John Lennon og Paul McCartney

Framsyning/konsert er tenkt i første halvdel av 2020. Innimellom skal vi og skipe til Sundsbarmkonsert og mindre framsyningar.

Eg har høyrt at det er så lett å lære nye songar i Seljord Songlag? Er det sant?

  • Heile repertoaret til ei framføring ligg tilgjengeleg 24/7 her på Seljordsonglag.net. Det er berre å laste ned/skrive ut noter om du er medlem og kjenner til korleis du loggar deg inn.
  • Om du er medlem kan du laste ned/logge inn på appen Musescore. Her ligg heile repertoaret tilgjengeleg 24/7 i form av lyd. Du kan øve på stemma di når det passar deg, og du vel sjølv om du vil høyre dei andre stemmene eller synge til akkompagnement. Slik blir øvingane våre meir effektive og du treng ikkje vere så veldig god til å lese noter for å merke at du gjer framgang.
  • Informasjon om kva som skjer på øvingar og andre meldingar finn du på Facebook på eit område berre for medlemar.

Kva kostar det å vere medlem av Seljord Songlag?

  • Det kostar 1600 kr/år å vere medlem. Dette dekkjer:
    • Løn til ein svært dyktig og entusiastisk dirigent.
    • Husleige på Granvin i eit svært hyggeleg øvingslokale.
    • Noter og abonnement på Musescore som aukar meistring og songglede.
    • Medlemsskap i Norsk Sangerforum.

Det første halvåret du er ny i koret betalar du ikkje kontingent. Vi har og fadderordning, slik at du har ein du kan spørje om ting som gjeld t.d. bruk av Musescore, organisering av noter og anna. Og på kjøpet får du eit koseleg og uformelt miljø med folk som synest det er moro å syngje i lag.

Sundsbarmkonserten.

Seljord Songlag har i mange år hatt samarbeid med Skagerak Energi om å skipe til ein adventskonsert kvart år inne i den store hallen i Sundsbarm kraftverk. Konserten finn stad kvart år 1. sundag i advent.

Dette er musikalsk og økonomisk ein viktig del av det grunnlaget Seljord Songlag kviler på.

Frå veke 42 og fram til konserten øver vi inn det musikalske stoffet. I dagane før konserten set vi av ekstra tid til å prøvekøyre dette med musikarar og solistar. I denne tida legg vi “Prosjekt Duo” til sides.

Syng med oss den 1. april!

Gamlesalen, Granvin kl 19.30

  • Musikal-hits frå fjern og nær
  • Populærmusikalske godbitar
  • Me bles støvet av Allsongen!

Orkester:

Munnspel: Per Hermansen

Piano: Øivind Bangor
Bass m.m: Jon Rørmark



Dirigent:
Oddbjørn Aase

Inngang, inkl. kaffi & kake: kr 150,- Kjøp gjerne billetten på Granvinkulturhus.no

Førebuing til urframføring av “Slektenes lovsong”.

22. september 2018.

I dag har koret øvd og hatt generalprøve i lag med solistane i Kviteseid Kyrkje.  Dette er fyrste gong vi har fått høyre Oddbjørns musikk slik han har tenkt det og i lag med musikarane, Jon Rørmark, Øivind Bangor og Ingri Elise Engeland og solistane Anne Gravir Klykken og Peder Arnt Kløvrud.

Ingrid og Hanne baud på kringle undervegs, Olav Mosdøl las resitativa, Knut Espelid hadde rigga lysriggar i kyrkja, Kjell Ivar Hosum hadde sett opp lydanlegg.   Oddbjørn hjelpte oss å finpusse uttrykket i dei etter kvart kjende songane.  Vi hadde den gode kjensla av at alt fungerte bra, nå dagen før den aller første konserten.

I går, fredag 21. september var det eit breitt oppslag i Vest-Telemark blad:

Her er vi samla måndag 10. september.

Det skal ha vore eit innslag i “Telemark Tidend” i TA også. Det får vi kome attende til.  I morgon skal vi møtest kl 16, konserten byrjar kl 19.

Marit Gotuholt og Kristen Salmelid (kyrkjeverge i Kviteseid) skal hjelpe oss med billettsal og anna praktisk – dette blir moro.